Om oss
Reodorklubben Breim vart stifta 18.mars 2021 av ei interessegruppe i
Breim og har som formål å legge til rette og fremje interessa for handtverk og yrkesfagleg aktivitet for born og ungdom frå 6 år og oppover. Reodorklubben Breim er ei foreining utan økonomisk formål og er drive på frivillig basis.

BLI MEDLEM
Alle over 6 år kan bli med i Reodorklubben Breim. For kr 250,- i året kan du delta på alle klubbkveldar og alle aktivitetar. Det vil ikkje kome kostander til ustyr og materiell utover denne medlemskontingenten.


Vi søkjer samarbeidspartnarar
Vi er best ilag, og vil difor gjerne få kontakt med privatpersonar, bedrifter, institusjonar, lag og organisasjonar som har lyst å bidra.
Det kan vere med idear, utstyr, verktøy, materiell, kompetanse, lokaler, økonomiske bidrag eller heilt andre ting.
Vi vil gjerne høyre frå deg, så ta kontakt!


Kvifor Reodoreklubben?
-
Auka interesse, kunnskap og ferdigheiter til born og unge gjennom praktisk aktivitet og handverk.
-
Å engasjere ungdom som ikkje interesserer seg for andre aktivitetar.
-
Auke rekruttering til yrkesfaga og lokalt næringsliv.
-
At born og unge opplever glede av å skape noko
-
Styrkje gründerånda

Styre
Desse sitter i styret i Reodorklubben Breim
Kristin Sandal
Bjarte Gangeskar
Kent Øystein Hjelle
Pia Elise Kristiansen Støyva
Jan Robin Aaland
