top of page

AKTIVITETAR

Her kan du lese meir om aktivitetane vi planlegg. Denne vil vi oppdatere etterkvart som dei kjem på plass. På sida Kalender legg vi ut når du kan delta på dei ulike aktivitetane. Så sjekk innom denne sida for oppdateringer. Vi vil også oppdatere facebook sida vår jamnleg. 

Teknologi

Teknologi er ein del av alle yrker. Vi utforsker teknologien i samarbeid med andre aktørar som t.d. Breim Kodeklubb og Opplæringskontora i fylket. Ulike simulatorar er noko av det vi har hatt på besøk frå dei, og som vi heilt sikkert kjem til å sjå på Briem fleire ganger. Vi håper også at vi kan få kjøpt inn ulike  teknologiske duppedingsar etterkvart. Her er det berre å henge med i utviklinga! 

Landbruk

Reodorklubben har godt samarbeid med bøndene i Breim. Vi legg opp til fleire landbruksdagar i løpet av året, der ein både skal få innblikk i yrket og får prøvd seg på ulike oppgåver. Norsk Fjordhestgard er også ein viktig aktør og samarabiedspart i bygda, og ein populær stad for Reodoraktivitet. Følg med på sidene våre for neste landbruksdag!

Handverk

No når Reodorklubben Breim har fått eigne lokaler vil vi ha opne klubbkveldar der ein kan drive med mange typer handverk. Vi vil fortsatt sette opp aktivitetskveldar på ulike stadar. Sidan det i enkelte tilfelle vil vere begrensa med plass kan det bety at vi ikkje alle får delta på alle tilbud. Men er det rom for det så setter vi opp fleire kveldar med samme type aktivitet. 

Matlaging

Reodorklubben Breim vil av og til invitere til Kokkekveldar!

Då vil ein få bli med å lage ulike typer mat ilag med ein av superkokkane våre. Det kan vere enkelt bakverk, snacks, lunsj- eller middagsrettar. Vi vil dele opp grupper etter alder, og tilpasse aktiviteten deretter. Reodorklubben vil ikkje ha eige storkjøkken og vil difor nytte seg av andre sine fasilitetar eller lage mat utandørs på desse kveldane.

 

bottom of page