

Velkomen til Reodorklubben i Breim!
Klubben er eit tilbod for born og ungdom frå 6 år og oppover og har som formål å
legge til rette -og fremje interessa for handtverk og yrkesfagleg aktivitet
HER ER ALT MULIG!
Vi har mange idear om kva vi kan drive med på klubbkveldane våre, men vi tar gjerne i mot tips om kva DU kunne tenke deg å gjere på Reodorklubben. Her er (nesten) alt mulig!

Klubbkveldar
Reodorklubben Breim har no fått eige lokale på Byrkjelo!
Dette er i lagerbygningane bak Best Bensinstasjon som frå 1.juni vart overtatt av Breim Eigendom AS. Der vil vi ligge midt mellom mange næringsdrivande som kan lære oss mykje spennande.
Vi har no overtatt lokala, men vi skal saman lage desse klar til bruk. Vi vil framleis flytte oss litt rundt for ulike aktivitetar også. Og etterkvart vil vi ha opne kveldar på verkstaden vår.
Følg med i kalenderen vår for oppdatering på kvar neste klubbkveld finn stad.




